Songarstemne 2014

- Eit blandakor i Lom kommune, Oppland -

Trykk på bildet over for å opne PDF-fil med programheftet (NB! Ny utgave 6/6)

 

Lom har eit kompakt sentrum under den mektige Lomseggje, ei ny "storstugu" - Utgard med kultursal og fleirbrukshall. Lom har mange overnattingsstader, ei flott stavkyrkje og eit vakkert bygdamuseum nær sentrum, og mykje meir.

 

Stemnet 2014 skal i god OL-ånd bli "the best songarstemne ever", eller noko i den dur.

Fylg med, fylg med!

 

Fredag kveld blir det korseminar med instruktør Hallgeir Frydenlund.

Laurdagen er sjølve stemnedagen med m.a. songartog, opning, fellessong, konsertar, ,middag og fest.

Sundag føremiddag blir det musikalsk

vandring i Lom Stavkyrkje si historie.

Deltakarane vil og bli delvis aktiviserte.

Gratis inngang.

 

Det er Lomsklangen som arrangerer songarstemnet i Lom 2014. Men det er også andre som er med på å dra lasset. Vi vil her nemne og takke sponsorane våre - og sjølvsagt korforbundet for støtte og samarbeid.

 

 

Sjå menyane øvst for meire informasjon.

Utfyllande informasjon om programmet her

 

Songarstemnet 2014 er vel i hamn! Lomsklangen takkar alle frå A til Å som gjorde stemnet til eit så vellykka arrangement!

 

Nettsida vil bli oppdatert med bilete og video frå stemnet etter kvart.

Ber om litt tolmod og forståing for at dette ikkje skjer med ein gong!

 

 

Takk til alle som støttar Songarstemnet 2014!