Program Fredag

- Eit blandakor i Lom kommune, Oppland -

Songarstemnet 2014:

 

 

Instruktør: Hallgeir Frydenlund.

 

Tid: Kl. 18-22.

Innlagt pause. Servering av suppe.

Stad: Utgard, kantina.

 

Seminaret: ”Kor-drama med någgå attåt” er eit 4-timars seminar som passar for både korsongarar og dirigentar.

Dette blir eit utradisjonelt seminar med bruk av både korsongar, allsongar og med eit seminarband som ein del av det heile.

Det kan også vanke ei lita solistrolle til deg som kan tenkje deg det.

 

Songlege og dramatiske utfordringar blanda med moro, rørsle og ein matbit er det vi inviterer til fredagskvelden. Seminargjengen skal syngje på songarfesten laurdag kveld.

 

NB! Hallgeir ber alle seminardeltakarane om å ta med seg (helst gamaldagse) nattklede om det er mogleg :-) Han er ein luring, den Hallgeiren. Det blir spennande og artig å få oppleva kva han har planar om.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Om Hallgeir Frydenlund:

Hallgeir er opphavleg tretling, men har budd i Oslo sidan han tok utdanning på musikkhøgskulen der.

 

Han har stort sett arbeidd som produsent i Rikskonsertane, men har også hatt andre oppdrag, som t.d. seminarhaldar, og som dommar på korslaget i norddalen "NasjonalparkSKriket" i 2012.