Program sundag

- Eit blandakor i Lom kommune, Oppland -

Songarstemnet 2014:

Sundag kl. 11.00 blir det musikalsk vandring i Lom Stavkyrkje si historie. Stavkyrkja vår feira 850 år I 2008. Sidan Lom då ikkje hadde blandakor, vart det etablert eit prosjektkor til jubileet. Det var starten for Lomsklangen, som arrangerer songarstemnet i Lom i år.

 

Den musikalske vandringa sundag vil vera ei historisk reise med blanding av musikk og verbal formidling frå/om ulike tidsepokar i Lomskyrkja si historie. Det heile vil ta ca. 1 t 15 min.

 

Deltakarane vil òg bli aktiviserte musikalsk i eit par av musikkinnslaga.

Kvinnene syng "Gjendines Bånlåt". (Gjendine Slålien var frå Bøverdalen i Lom kommune). Her forenklar vi litt og syng 1.huset også på andre verset. 2.huset kuttar vi ut.

Karane syng spiritualen "WERE YOU THERE".

Også her ei lita justering i forhold til notane. På slutten av dei to fyrste linene syng også kompstemmene "Lord" (Lo-o-ord) i staden for "Lord, my Lord". Det blir litt enklare, og det kling litt betre.

 

Ta den stemma som passar deg best, så blir det spanande å høyre resultatet sundagen!

 

NB! Eiga påmelding!!