Framsida

- Eit blandakor i Lom kommune, Oppland -

Lomsklangen arrangerte songarstemnet for Gudbrandsdalen i 13-15. juni 2014.

Her kjem du direkte til arkivet med sidene frå songarstemnet

Lomsklangen:

 

Lomsklangen er eit blandakor i Lom kommune, Ottadalen med omlag 30 medlemer.

 

Koret vart stifta i 2008 etter 850-års jubileet for Lom stavkyrkje.

Dei fleste medlemene i prosjektkoret for kyrkjejubileet ynskte å fortsetja med korsong, og Lomsklangen vart stifta.

 

Koret syng ved alle mogelege arrangement i kommunen der ein ynskjer korsong. Repertoaret er variert og koret prøver å ha inne songar for mange høve

 

 

 

Er du ungdom eller vaksen, likar å syngje og ikkje har noko mot humor, er Lomsklangen ein aktivitet for deg.

Det er ingen prøvesynging; Man synger med det "nebbet" man har - heldigvis..

 

Ny fane!

Lomsklangen innvia ny fane til songarstemnet!

Ein stor takk til kormedlemane Aase Vole Dalen, Gerda Teigen og Anne Jorunn Dalsegg for design og sying av fana, og Jørn Nyøygard for smijarns - og trearbeidet!

AKTIVITETSKALENDER

 

Fantastisk inspirerende sangpedagog. Her var det mye å hente. Tenk pusteteknikk til kommende øvelser..!!!

****

Turgruppa: Oslotur. 6 - 8 Oktober 2017

Musikalen"Les Miserables"

Overnatting !!!

 

***

Lomsfest 19 - 22 Oktober

Haustkveld under Lomseggen

***

Syng med oss kveld

Nermere kunngjøring !!!

***

Julekonsert - Fredag 1. Desember

Nermere kunngjøring kommer..

Korsang er

bra for hjertet :

 

Meir enn 200.000 nordmenn syng i kor. Etter tidlegare undersøkingar er det bra for livskvaliteten.

Forskarar ved Sahlgrenska akademin seier at det å syngje saman også har ein positiv effekt på kroppen. Då dei overvaka pulsen til ei gruppe kormedlemmer, fann dei at hjarterytmen til alle songarane synkroniserte seg slik at han steig og sokk i takt.

Det er ikkje noko hokus pokus bak fenomenet. Årsaka til det heile er at songen endrar pustemønsteret, meiner forskarane.

Når ein syng, pustar ein rolegare enn normalt. Og sidan alle syng dei same strofene, pustar kormedlemmene ofte samtidig. Og pusten påverkar hjarterytmen att.